Når muren er høgare enn skjørtebredda, ei sann soge.


 Regnet slo i bakken og vinden ulte i kraftige støt, den dagen eg køyrde ma'en til røntgen på sjukehuset. Han sjøl var så stiv i nakken og hadde så vondt, at han torde som han sa, aldeles edru å sitje på med meg, som er ein elendig sjåfør. Eg er flink til å køyre beine vegen og svinge har eg heller ikkje problem med, Nei, vankunna kjem under rygging inn mellom to parkerte bilar på parkeringsplassen.
Eg har rett og slett problem med å fatte kva veg rattet skal snuast under nemde situasjon. Difor plar eg køyre rett inn i det ledige holet, og tenkjer at problemet med å kome seg ut igjen, ligg fram i tid. Den tid og den sorg. Men i dette høve var ma'en passasjer og sa at eg skulle ryggje meg inn, noko eg trur både han og eg angra på, det tok si tid.

I det ma'en gjekk ut av bilen, tok ei kraftig vindråse papiret han hadde fått hos legen og som skulle leverast i skranken på røntgen. Det la seg til kvile midt under ein annan bil. Ma'en med den vonde nakken kunne ikkje krype under og eg, som hadde skjørt og tynn strømpebukse, såg ikkje for meg å åle inn under ein lavføtt  bil, for å bringe papiret i sikkerhet.. 

Det er her murhøgd og skjørtebredde kjem inn. Parkeringsplassen er omkrinsa av ein mur og i bak-kant av denne veks det tre og buskar. Planen var å bryte av ein busk, slik at den kunne gjere nytte som dokumentfangar. Men muren var høgare enn skjørtebredda, så einaste utvegen var å brette skjørtet opp til livet og klatre opp. Ein lite festleg situasjon, men må ein, så må ein.
Enden på soga var at henvisingspapiret, noko skite og vått, blei redda og levert i skranken, med forklåring.

Eg vil me det same nytta høve til å presentere Alette, nystrikka restegarndokke, strikka etter fantasien. Ho likar godt å posere, her er ho i ymse posisjonar.



Strikkeklubb
Torsdag var det strikkeklubb i hos meg. Seks strikkeglade kvinnfolk, som denne kvelden ikkje strikka ei einaste maske, duka seg rundt dette bordet. Legg merke til glasa, som blei berika med sprudlevatn og som kan vera grunnen til at strikkedamene ikkje vørde maskene.

Det blei servert heimelaga speltbrød og ymse anna.


Når ein har eit slikt godt brød, treng ein ikkje "ymse anna", godt meierismør hadde vore nok til eit festmåltid.
I dag skal middagen nytast ute, i Innigranskogenkafeen. Bacalao står på menyen. Dette er bildekunst frå kafeen.

11 kommentarer

julietalivstil

08.10.2017 kl.10:46

Så fine bilder🙂ha en fin dag

Randi

08.10.2017 kl.11:14

Ser for meg der du drar skjørte over hode he he. Flott dukke du har strikket, ikke rart hun liker å posere :-D. Det brødet så no liderlig godt ut, og med ekte meierismør kan det nesten ikke bli bedre :-D

Oldemorbloggen

08.10.2017 kl.14:10

Randi: Takk for fin tilbakemelding. Det var ikkje så dramatisk at eg drog skjørtet heilt over hovudet, men eit godt stykke opp på livet. Meierismør er livets krydder.

aina

08.10.2017 kl.12:14

Ha ha ha :))))) Ei fantastisk fin historie :))) Ingen klarer å formulere slikt så godt som du gjør :))) Jeg har mange ganger lurt på ka du jobba med tidligere i ditt liv... Ha en flott søndag :))

Oldemorbloggen

08.10.2017 kl.14:09

aina: Takk skal du ha. Eg jobba i Televerket i heile mitt liv. Først som bud, så på rikstelefon og telegraf og seinare på sekretariatet, der eg bl.a. var brukarstøtte for databruk og hadde ansvaret for bedriftsavisa Besto, saman med fleire andre.

BforB

08.10.2017 kl.14:36

Du får meg til å le. Ser for meg situasjonen, men bra dokumenta vart berga. Har elles det same probleme med å parkera bilen mellom to bila, så det unngår eg. Men likevel ser eg på meg sjølv som ein bra køyrar, ha, ha.

Alette var bedårande.

Og mat både i den og den forma høyrdest godt ut.

Fin søndag til deg.

Oldemorbloggen

09.10.2017 kl.08:08

BforB: Eg syns det er så kjekt når folk skriv at blogginnlegga mine får dei til å le, ingenting gler meg meir.
Ha ein fin mandag.

fruensvilje

08.10.2017 kl.19:42

he he synes eg ser dere føre meg :) men det gikk forhåpentligvis bra ,og så håper jeg din mann får hjelp så nakken vert god igjen.

Den dukken var kjempefin,og etter eget hode da,jammen er du flinke

Oldemorbloggen

09.10.2017 kl.08:06

fruensvilje: Tusen takk, ja han er på betringens veg, heldigvis.

aina

09.10.2017 kl.08:04

Ja, da skjønner jeg at du er et vaskeekte naturtalent :))))

Oldemorbloggen

09.10.2017 kl.08:05

aina: :-))

Skriv en ny kommentar

hits