Små born er redde pga av meg

Det fekk eg høyre i går, at små born som vitjar Trollskogen er redd for at trolla eg har laga, skal bli levande. Frå anna hald har eg høyrt at trolla mine ser altfor snille ut. Eg har gjort mitt beste for at dei skal få eit nifst uttrykk, men har ikkje lukkast og like godt kan det vera, sidan desse borna blir nervøse av heile trolleriet. Men litt festleg kan eg ikkje nekte for at eg syns det er.
Trollet, som ligg som eit slakt i vegen illeluktande og med avrivne kroppsdelar, skremmer ikkje småungar lenger, det har no gjort si siste reis og har enda i restavfallet. Det er blitt erstatta med denne staute karen nedanfor.

Eg blei særs fornøgd med resultatet. 

Han har ei flaske med trollvin hengande  over skuldra og ho har vinbeger, men det er uvisst om han vil spandere, same kor bedande ho ser opp på han.


Når sommarregnet ausar ned i stride straumar og tv-kvelden er lang, er det godt å ha eit enkelt strikk å ty til. To par tøfler er ferdig tova og nålefilta. Som sole er det brukt restar etter ein gammal skinnsofa.

Ei tredje par er tova, men ikkje nålefilta enno.

Eit fjerde par er på gong. Her er det gjort ein litt annan vri, så det blir spennande å sjå resultatet etter toving. Her ser ein skilnaden før og etter toving, masketalet er det samme.

Pinterest er ei stor inspirasjonskjelde. Her har eg kopiert litt hagepynt derifrå. Særs stemningsfullt om kvelden.

Dei få dagane sola skin, er det ut på tur. Her frå Kvinnherad.


Dette er frå Jotunheimen


På veg heim frå Jotunheimen, møtte me denne familien her

og ho her, som slett ikkje ensa at me hadde det travelt og ville forbi med bilen.

#strikking Toving #nålefilting #natur #tur #troll #trollskog

 

12 kommentarer

fruensvilje

31.07.2017 kl.09:42

for et herligt innlegg :) det er så utrolig å se og lese kor aktiv både du og din mann er,flotte fjellturer ,nydelige bilder og jeg er måløs over trolla dine,så får det bli dei voksnes arbeid å forklare barna att disse er ufarlige :)

Oldemorbloggen

01.08.2017 kl.22:04

fruensvilje: Takk skal du ha. Eg ler litt inni meg kvar gong nokon fortel om redde ungar, det betyr at trolla ser ut som troll og dei skal jo vera litt nifse.

margarites

31.07.2017 kl.16:49

Trollene dine er bare helt fantastiske. Jeg regner med at små barn har voksne med seg på tur og da er det de voksnes plikt å forklare og fortelle! Jeg synes at det gjør en tur utrolig mye gøyere å gå når man hele tiden lurer på hva som venter rundt neste sving :-) Jammen har du vært aktiv på strikkefronten også - flotte tøfler!

Fine bilder fra Jotunheimen også - dere er jammen flinke til å komme dere på tur! Den kuen er jeg glad det ikke var meg som traff på, for jeg synes de er skumle :-)

Oldemorbloggen

01.08.2017 kl.22:03

margarites: Tusen takk for fin tilbakemelding. I dag traff me ein far og to små, ho eine var ca tre år. Ho skalv litt med underleppa for ho var redd at trolla skulle bli levande. Då eg løfte opp skjørtet på trollkona og ho fekk sjå nettingen og stauren som trollet var laga av, ga redselen seg med ein gong.

funderier

31.07.2017 kl.17:49

Du har sanneleg fått litt ut av sumaren. Elles må du har treft bra med trolla nå nokre ungar tykkje dei ser realistiske ut. Om ungane blir redd dei tenkjer eg at foreldra har ei oppgåve.

Ta fram paraplyen, og fortsett god sumar.

Oldemorbloggen

01.08.2017 kl.21:58

funderier: Takk skal du ha. I dag var det verkeleg bruk for paraplyen, hadde besøk av bror min som bur i Australia og han vart søkkvåt på ein tur til trolla i skogen.

Camilla Innvær

31.07.2017 kl.21:35

Så fine troll :)

Oldemorbloggen

01.08.2017 kl.21:56

Camilla Innvær: Takk!:-))

Oldemor

10.09.2017 kl.16:45

Einaste bloggjen eg føle med på. Alle dei andre er bære noko jåleri. Men no lure eg på om det e nåke gale med edebemaskjina mi, sia dar ikkje e nåken nye skriverier? Vert du verande innji Loa kansjæ? helsing ei som e kvart villstryning.. (ja, stryningane vart kallja villstryninga på femtitalet då eg jobba på kafe i Stryn)

Oldemorbloggen

11.09.2017 kl.12:32

Oldemor: Takk skal du ha Oldemor. Det har seg slik at eg har mist gnisten til å blogge fortida, men ein skal ikkje sjå bort i frå at gnisten kjem igjen når haustmørket kjem sigande og sjela har falle til to. Ha ein fin dag vidare i regnveret, for ikkje å seie dritveret.

ladyaugust

18.09.2017 kl.16:04

Nydelig, du er bare fantastisk, vet du det? :D Trollene dine er så flotte og tøflene også. Super ide det med å gjenbruke en skinnsofa til tøffelsåle :) Ha en fin dag <3

Oldemorbloggen

20.09.2017 kl.00:34

ladyaugust: Tusen hjartans takk for nydeleg tilbakemelding. Ha ei fin natt, no er kl.0035.

Skriv en ny kommentar

hits