Katastrofale følgjer etter bad, mm

I Trollskogen har dette paret stått i årevis. Etter mykje styggever, har dei mist sin ungdoms glans og grep må til for å kvikke opp inntrykket. Då ho miste eine handa, var det ikkje noko anna å gjera, enn å ta ho heim til vask og stell.

Her ligg ho, illeluktande og fæl.

Det skulle vise seg at det sjeldne badet tok knekken på heile kjerringa. Her er hovudet gått i oppløysing og attpåtil virkar so særs sur.

 Strikkepinnane kom fram i ein fart, og fjes til både han og ho blei strikka og tova. Her viser før og etter toving.


Dette er gubben sjøl, før og etter toving


Saman til evig tid

Nye kroppar må lagast, men eg er ikkje der enno.

Snøkvit og dei sju dvergane er mer skjerma, sidan dei er under tak, men sjøl der må det stundom gjerast grep. Den eine dvergen hadde segna om, så då måtte skrujernet fram og den gjennomsiktige plata i framkant fjernast, slik at dvergen igjen kunne stå oppreist rundt senga til Snøkvit.


Ein kan ikkje sitje inne og strikke til ei kvar tid, så då friskar det opp med ein tur til fjells.

Utsynet var storslått

På stien til fjells kan ein stundom finne rare røter. Denne vesle rota syns eg liknar  eit dyr.


Når det ikkje blir strikka til Eventyrvegen, kjem meir personlege ting på strikkepinnane. Denne gongen var det eit par tova tøfler, som absolutt ikkje blei slik eg hadde sett for meg, før toving.

Etter toving syns eg dei blei fargelause og kjedelege.


Det blei retta opp med ull og filtenål. Var eg først i gong med dekoreringa, var det vanskeleg å stoppe. Her er dei rikt dekorerte tøflene.


Til slutt ein liten hagedekorasjon
#troll #hagedekorasjon #toving #strikking #fjelltur #trollskog #eventyrveg

 

4 kommentarer

Gunvor Berge

09.07.2017 kl.17:04

Så utrolig flott! Hvor er denne eventyrskogen din? Ligner på noe jeg har sett på Osterøy...Fantastisk kjekt å ta barnabarna med på turer med slike eventyrfigurer og miljø! Tusen takk!

Oldemorbloggen

09.07.2017 kl.17:15

Gunvor Berge:Takk skal du ha. Denne ligg på Stord og det er ma'en min og eg som er opphavet. Den på Osterøy er det han som han som har stått for det meste, men eg har og bidrege med nokre figurar der.

09.07.2017 kl.19:21

Alltid koselig med en titt inn i trollskogen deres😀 og de tøflene ble skikkelig flotte!

Hisen Strikkepinneklirr.

Oldemorbloggen

09.07.2017 kl.20:25

Anonym: Takk for fin tilbakemelding.

Skriv en ny kommentar

hits