Kva skjuler seg i denne rullen? + enkel rundpinnestasjon



Eit sitjeunderlag, strikka av restegarn av ymse kvalitetar. Her er det tova og filta.

Før toving

Når det gjeld oppbevaring av rundpinnar, har eg hatt eit innlegg før, der eg viser noko eg har laga sjøl. Eit slags etui, med lommer, som ein legg rundpinnane etter nr.

Oppfinninga her er mykje enklare og er laga av syster mi. Her trengs inga innvikla forklaring, enkelt og genialt, etter mitt syn.

 Ho posta det på ei strikkeside og fekk mange likes og mange som ville kopiere dette.   Eg deler det på bloggen, for at endå fleire kan få gleda av denne enkle oppfinninga.

Slike sjal har eg strikka så mange av, at eg er komen ut av talet. Dette er i alle fall det siste som er ferdig, strikka i Silk/alpakka. Mjukt og godt. Her ligg det i strekk, festa med knappenåler.

På Pinterest kan ein få inspirasjon til ymse, bl.a. måling på stein. Elg i solnedgang er ut, katt i solnedgang er inn.

Katten står no, saman med stadig nye hus, i byen i hagen.


Frekk måke med matvet
Eg og ma'en hadde oss eit godt måltid, med varme fiskekaker, på ein benk på kaien. I ny og ne kasta eg ein liten bit til ein måke som krinsa rundt. For å få eit skikkeleg flott nærbilde, tok eg ein bit mellom to fingrar og lot som eg skulle leggja det på benken me sat på. Måken flaug opp og nappa biten ut av fingrane mine, og det gjorde vondt. Eg kan skrive under på at ho var kvass i bitet. Ho (eg trur det er ei ho) ser ut som ho ser oppover, men det eine auga ser nok rett på meg og fiskekaka mi.

Best me sat der på kaien, kom denne båten siglande inn i hamna. Ein kunne nesten tru det var ein båt med flyktningar, men det var det nok ikkje. Heller ungdommar på tur.


Til slutt, ein treng ikkje investere store summar i musikkinstrument, om ein kjenner trongen til å utfolde seg i musikken. Ein slips av metall og to skeier, så er ein godt hjelpen og helsetrøye under, så ein held varmen utan å svette.


 

9 kommentarer

margarites

18.06.2017 kl.18:41

Den strikkepinne ideen for rundpinner var smart. Jeg har fortsatt alle mine pinner i et skrin, men litt rot. Men de fleste pinnene mine har originalhylster :-) Sitteunderlaget ble kjempefint. Fin måte å bruke opp restegarn :-)

Oldemorbloggen

19.06.2017 kl.13:09

margarites: Eg ser at du er eit ordens menneske, som har pinnane i originalhylsteret. Men skulle du tutle dei vekk, kan du strikke deg eit slikt som eg viste bilde av. Takk for tilbakemelding. :-))

Ellbjørg

18.06.2017 kl.20:01

Like spennende hver gang du dukker opp. Du er flink som vanlig med å fange opp bilder der du ferdes

God sommer til deg og ma'en ☀️☀️

Oldemorbloggen

19.06.2017 kl.13:07

Ellbjørg: Takk skal du ha og god sommar til deg og. :-))

maiken

18.06.2017 kl.20:49

Sitteunderlaget er nesten for fint å sitte på....tror jeg ville hatt det på veggen....

For en frekk og uredd måke da, men det er nå mest facinerende at de tør...

He,he, virkelig en original han med slipset. Artig med slike kunstnere:)

Oldemorbloggen

19.06.2017 kl.13:06

maiken: Eg lo litt då du foreslo å ha sitjeunderlaget på veggen, men så tenkte eg at jammen har ho rett, så no heng det på veggen, i alle fall inntil vidare. :-)

fruensvilje

18.06.2017 kl.21:43

jammen har du innholdsrike dager,ikke hver dag en mater måken rett fra handa hi hi ,du fikk no et fint bilde da ) strikke pinneopphenget var supert,og det er byen i hagen din også ))

Oldemorbloggen

19.06.2017 kl.13:04

fruensvilje: Takk og takk for fine ord.

morsmiddag

22.06.2017 kl.20:40

Strikke kan jeg ikke, men veldig lur den til strikkepinner. Ser dere koser dere og nyter hver en dag, det er slik det bør være :-D

Skriv en ny kommentar

hits