Ville ikkje ein kvar blitt varm om bringa og våt i augo av dette?.


Klassen til oldebarnet på 15 år, fekk i oppdrag å skrive ein konfirmasjonstale. Sidan ho alt var konfirmert, skreiv ho like godt ein tale til 78 årsdagen min. Ho fekk fem i karakter for talen, som ho framførte i klassen.

Kjære Oldemor
Takk for at du tørr å vere deg sjøl fullt og heilt. Du bryr deg ikkje om nokon syns du er litt rar. Eg kan seie med tryggheit at du ikkje er ei normal oldemor, men det er akkurat det eg likar med deg, for du har alltid dei ekstra løysingane som ingen andre har tenkt på. Den løysinga som du har brukt gjennom alle år, men som ingen andre enn du brukar, for du er så veldig kreativ. Kreativ på den måten at du går heilt bananas og spraylakkar alle vasane dine turkis og rosa, og det kule er at det blir så utruleg kult til slutt.
Så skal du jo sjølvsagt få litt creeds for at du faktisk har lagd Eventyskogen. Eg skjønar jo at du må fylla kvardagen din med noko, men eg veit at du elskar å laga ting og elskar å gå tur i skogen, så då er jo Eventyrskogen ein perfekt  kombo for deg.
Du fyller faktisk 78 år 18. mai, eit tal som i mine øyrer er gammalt, men du er ikkje gammal.

Eg likar å kalle deg gammal, men ung, for alt du gjer og seier er ungt. Utsjånaden ser slett ikkje gammal ut, for når du går så ser du så sprek ut, og når du smiler så ser du så frisk ut. Du ser så glad ut når eg kjem på døra. Du er alltid heime når eg kjedar meg. Du er alltid heime når eg treng hjelp. Du er alltid der. Eg håpar du ser kor flott du er, for du er nemlig den beste oldemor på denne jord.

Eg blei særs rørt og smigra over desse fine orda frå oldebarnet mitt.


Restegarn
Ein gong strikka eg meg eit fargerikt bomullsjal

og det blei det garnrestar etter. Lenge funderte eg over kva restane skulle brukast til, og så kom eg på det. Fargerike bestikk og servietthaldarar til hagebordet, når ein skal nyte eit måltid ute i sommarvarmen.
Saman med desse dekorerte cognacglasa, som no gjer teneste som telyshaldarar, trur eg bordet kan bli eit festleg skue.



Den syttande blei skikkeleg fin i år, trass skumle varslingar på førehand. Først på dagen blei me invitert på champagnefrukost, og det var stor stas.

Vertinna hadde heilt gløymd å kjøpe pynt til smørbrøda, men deppa ikkje av den grunn. Ho gjekk ut i blomeurna og plukka fiolar, som blei finare pynt enn noko anna.


Lurt tips frå Facebook, som eg prompte kopierte
Dei fleste har vel det luksusproblemet, at det blir for lite plass på garderobestanga eller i hengeskåpet. Ideen her var genial. Ein trer inn på kleshengaren ein slik dings som sit på toppen av øl og colaboksar. Blusar, jakkar og skjørt blir hengt i lang rekke nedover, slik:


Sjølvsydde vasar
I går kjøpte eg ein rosebukett for å pynte opp i heimen med. Så tok eg fram tre "vasar" som eg sydde for ei tid sidan, ein stor og to små, tredde ned i kvar sitt syltetøyglas,

og vakkert blei det.


Det er flotte blomar i naturen og, denne kom me over på ein orienteringstur i skogen.

Kvar gjer desse to? Jo dei prøver å ete på eit tre og kvifor gjer dei det? Treet har på kartet fått namnet mattreet. Det smakte ikkje godt og dei vil ikkje anbefale andre å prøve.


Til slutt viser noko som låg ved kaien, sist sundag. Det er eit fundament til ei vindmølle, svære greier.

#tale #hobby #vindmølle #turorientering #blomar #strikking #diy

6 kommentarer

Ellbjørg

24.05.2017 kl.20:38

Denne talen var deg vel fortjent. Flinke jenta som ser hvem du er.

Har savna deg, men ser no at du har det travelt-- som vanlig.🌷🌷

Oldemorbloggen

25.05.2017 kl.12:56

Ellbjørg: Takk for at du har savna meg, slikt er kjekt å høyre. Eg har mist litt av "bloggeånda", men kjem innpå når det er noko eg kjenner trong for å dele.

fruensvilje

24.05.2017 kl.21:17

en vakker tale,og jeg tenker att det kledde deg,du fortente dei fine ordene ,det er slik jeg opplever deg også )) bestikkholderane var superkule,ja du er jammen kreativ )

Oldemorbloggen

25.05.2017 kl.12:55

fruensvilje: Ja, ikkje sant? Slike hendingar i livet er noko ein hugsar seinar og. Elles takk for fin tilbakemelding.

annebe

24.05.2017 kl.23:01

Skjønner godt du ble varm om bringa og våt i augo av det der... Og at du er kreativ er det ingen tvil om.. men virker som om oldebarnet er kreativ også.. for det var en særdeles fin og artig måte å skrive på.. Ønsker deg en fin morgendag :))

Oldemorbloggen

25.05.2017 kl.12:53

annebe: Det fine er at mange andre har blitt "våt i augo" av den talen. Takk for fin tilbakemelding og eg ønskjer deg og ein flott dag. Her regnar det, men i strikkekroken i stova er det fint å vera.

Skriv en ny kommentar

hits