Norsk tipping har lagt sin elsk på meg

Eg får stadig små koselege meldingar frå Norsk tipping, via 2020.
12. januar skreiv dei i ei melding til meg:
Hei Åshild, du har vunnet kr 105 i Vikinglotto. Vi gratulerer!
Med jamne mellomrom kom det fleire slike meldingar, med same tekst, men med ymse storleikar på beløpet.
5. februar kr 45 i Lotto
26. mars, kr 45 i Lotto
30. mars, då skreiv dei ikkje summen, berre at eg hadde vunne i Joker og måtte kontakte kommisjonæren. Det trong eg ikkje, eg visste kor mykje eg hadde vunne. kr 449 tusen kroner. Dette hadde dei ringt meg om.
10. april kr 50 i Lotto
13. april kr 30 i Joker
16. april kr 50 i Lotto

I alle år har eg sendt inn Jokerspel.  Kortnummeret er lagra bak pannebrisken, og skulle det dukke opp på skjermen, var det katastrofe om eg ikkje hadde levert.
Vikinglotto og Lotto spelar eg meir sporadisk over nettet og innsatsen er aldri meir enn femti kroner pr. gong.
ooooooooooo

Dei dagane påskeveret var kaldt regn og ca 2 til 4 grader, blei utelivet droppa og med innesysler gjekk dagane fort.
Min nye hobby, måling på vinflasker, har slått ut i full blom. Dei første eg produserte er vist på bloggen før. Det var nokre pene og pyntelege damer og ein mann.
Dei nye er meir hekseaktige, mørke i fjeset og store hender.
Dette er den første heksa, som no er plassert i Trollskogen.

Seinare er desse tre heksene komt til. Dei skal monterast  på ei fjøl og kallast heksedans.

Løvlisjalet, strikka i alpakka og silke, blei gjort ferdig i påska.

Nokre fine dagar har me blitt berika med i påska, bl.a i dag. El-syklane blei testa for ein lengre tur. Halvanna time tok turen. Syklane blei parkerte ved vegen, før fjellturen starta.

Årets fårikålproduksjon er i rute

Sol og skyer over Kattnakken

Særs godt med sjokolade med krem på fjelltur

Akkurat nok snø til ein snøball

oooooooo
For mange år sidan, var ma'en sin hobby å lage vin. Det var mykje søl og mykje arbeid og ikkje smakte vinen så godt heller. Den blei lagra i eit rom i kjellaren, som me kalla vinrommet. Der stod vinen i hyller, upåakta i sytten år. No i påska var tida inne for å smake på produktet. Til vår store overrasking var ein del av vinen kjempegod, nam nam.
Han hadde nytta både blåbær, rips og solbær som råstoff.

Ikkje verst farge på denne og smaken var som sherry

Dett var dett, for denne gongen.

#vinlaging #tur #strikking #hobby #heks #el-sykkel

15 kommentarer

Ellbjørg

17.04.2017 kl.20:43

Ser ma'en har fått sykkelen sin--- som du lovde han. Lykke til med sykkelsommeren2017.

Du må ikke sykle med det fine sjalet på--- kunne være uheldig og få det inn i hjulene. 😱😱

Oldemorbloggen

17.04.2017 kl.23:08

Ellbjørg: Eigentleg var han i mot el-sykkel for sin del, men kom igjen etter han har fått ein. Han er særs fornøgd. Eg skal passe på sjalet, det er heldigvis ikkje så langt at det rekk til hjula. :-))

Ann-Merethe

17.04.2017 kl.21:01

Jeg er så imponert over alt du får til Åshild, du er utrolig kreativ. Veldig artig og koselig å følge med på :)

Oldemorbloggen

17.04.2017 kl.23:05

Ann: Takk og takk, fint at du heng med. :-)

margarites

17.04.2017 kl.22:15

Meldinger fra norsk tipping er alltid velkomne - selv om det hos meg stort sett er 45 kr med en del ukers mellomrom. Fortsatt er nok mine utgifter til til tipping høyere enn gevinsten. Så søte de små lammene var, rart å tenke på at det kan være julens middag.... Her har jeg ikke tatt sykkelen frem igjen enda, men nå er det på tide. Flaskeheksene var kjempestilige, du kan dette med maling også :-)

Oldemorbloggen

17.04.2017 kl.23:04

margarites: Eg må seie at kvar gong det kjem melding frå det spesielle nr, er det ikkje fritt for at hjarta slår litt raskare. Som regel er det berre småbeløp, men det er gøy det og. Det er når eg ser slike søte lam, eg vurderar å bli vegetarianar, men når kjøtet ligg i butikken er den tanken gløymt. Eg anbefaler deg å ta fram sykkelen snarast, våren står for døra og det betyr sykkelturar.

fruensvilje

17.04.2017 kl.22:53

du er bare så kreativ og flinke og du rekker jammen over svært masse også,mon tro når du rekker å kvile hi hi ,men godt du koser deg,det er viktig )

Oldemorbloggen

17.04.2017 kl.22:56

fruensvilje: Takk skal du ha. Etter turen i dag, som tok seks timar, har eg lagt i godstolen som eit slakt og ikkje orka å strikke eingong.

Siv Svanem

18.04.2017 kl.07:50

Herlige meldinger fra Norsk tipping da. Har fått et par jeg også, men telefonen venter jeg enda på.

Oldemorbloggen

18.04.2017 kl.08:05

Siv Svanem: Ja, telefonen var jo topp og eg har høyrt om folk som har vunne store summar to gonger, så.....

ann sissel

18.04.2017 kl.12:57

Nydelige bilder og skjønne hekser:-)

Oldemorbloggen

24.04.2017 kl.23:19

ann sissel: Takk og takk.:-)

ladyaugust

24.04.2017 kl.19:17

Herlig, både vinen, heksene og at du vant :D Ha en goood kveld <3

Oldemorbloggen

24.04.2017 kl.23:23

ladyaugust: Takk skal du ha. Eg lever enno høgt på den gevinsten, kjekt å hå litt rikeleg på kontoen.

ladyaugust

24.04.2017 kl.23:38

Så bra å høre :) Kooos deg <3

Skriv en ny kommentar

hits