Sniglerådet frå internett virkar, oppskrift følgjer + andre oppfinningar


Syns ikkje eg kunne ha sniglar som hovudbilde på blogginnlegget, difor desse tre filta kyllingane frå i fjor.

Rådet kom på ei facebookside, trur eg, og dette ville eg prøve. Har prøvt mange råd før og, men det ser ut som om denne metoden virkar.
Altså man tager:
3 cl sprit
25 g spraymalt (frå Europris)
1 l vatn
blander dette på ein mjølkekartong.
Dette rekk til fire-fem kartongar.

Eg hadde ikkje sprit i hus, så eg storma vinmonopolet og spurte etter det billegaste brennevinet som var å oppdrive. Tilfellet ville, at lenger borte i lokalet stod  barnebarnet mitt  på 18 år og han hadde følgje med nokre jenter på same alder. Sidan det var noko pinleg at farmora storma polet og forlangte billeg brennevin, måtte det snarast ei forklaring til. Sniglefella blei presentert, men barnebarnet, som er ein spøkefugl, visste ikkje heilt om han skulle tru på soga til farmora.
203 kr måtte eg ut med på polet, men kva gjer ein ikkje i kampen mot det ufyselege krapylet, som et reint i ein hage på ein blunk. I flaska frå polet og posen frå Europris, har eg stoff til sniglefeller i lange banar. Blir ikkje brennevinet oppbrukt, kan det  alltids brukast i gløggen til jul.


Sidan det ikkje er særleg vakkert med mjølkekartongar flytande rundt huset, sydde eg saman ein bit voksduk og tredde utanpå kartongen. Den blir flytt over til ein ny kartong, når sniglekartongen skal kastast i restavfallet.

Her er fangsten i ei felle, etter nokre dagar ute.


Så vil eg dela ein ide eg fekk i dag og det har ikkje noko med sniglar å gjere.
Det hadde seg slik at den gamle regnbuksa mi ikkje var tett lenger. Sist den var i bruk, blei eg våt som ei kråke får livet og ned. Ny blei kjøpt, men som alle veit, er det ikkje kjekt å skitne til ei ny bukse første dagen. Når ein går turorientering må ein klatre og vasse gjennom myr og anna skit, med det resultat at buksa må vaskast etter kvar gongs bruk. Her er det den lure ideen kjem inn. Beina på den gamle buksa blei kutta under kneet, fekk seg ein løpegang øvst, strikk blei tredd i og vips hadde eg praktiske og lette leggisar. No er det berre dei som treng vask etter tur og buksa under er like rein.
Slik såg dei ut etter dagens tur.
Det var ikkje fritt for at mine turveninner blei imponert over ideen.


Ein dag gjekk eg forbi ei korg med garn til nedsett pris. Det er noko ei strikkeglad ikkje kan ignorere og kjøp kom i stand. Nytt Løvlisjal er på pinnane her.


Elles ventar eg på at filteånda skal kome, slik at desse to hekla og tova sitjeunderlaga skal få seg eit motiv. På den eine skal det filtast ei ugle, den andre veit eg ikkje heilt enno.

Sidan eg er oldemor, må eg få skryte av oldebarnet, som er særs flink å sparke fotball. Her står ho til venstre i bildet. Pokalen vann laget hennar, som beste 15 årslag jenter i Hordaland. Gliset går frå øyre til øyre, både hos ho og veninna.


I Eventyrskogen er figurane blitt våte og skitne, etter alt regnet som strøymer ned, dag etter dag. Askepott var blitt grøn i fjeset, kjolen var hol i hol og capen full av skit. Det blei sydd ny kjole, fjeset blei vaska med whitesprit og capen tatt med heim til vaskemaskina. Under capen var det tydelege spor av vepsebol.


Det nye greintrollet er komen på plass i Trollskogen

Det er ikkje alltid ein treng lage troll, her viser naturen sjøl sine kunstverk.



Før blomesesongen byrjar for fullt, er det fint å pynte opp i hagen med litt sjølvlaga pynt. Dette er små flasker, litt måling, ein bit voksduk og to, samt vattkuler. Dei står for ein støyt, så sjøl om det regnar, er dei like fine.

Til slutt viser eg litt av byen i hagen. Den har fått mange nye hus og hotellet har fått seg eit anneks.


Ei lita ugle har vagla seg ein stad over byen.


Sist, men ikkje minst, ma,en har fått seg El-sykkel og eg endeleg nokon å sykle saman med. Han har alltid sagt at det ville han ikkje ha, men etter at eg blei nesten halvmillionøse etter Jokervinsten sist torsdag, og sa offentleg at noko av pengane skulle brukast til El-sykkel til ma'en, kunne han ikkje stå imot og takka gladeleg ja, til ein sykkel til 33000 kroner. Sjølvsagt mykje dyrare og finare enn min, men det får eg leve med. Eg er kjempefornøgd med min DBS damesykkel.

#el-sykkel #joker #troll #fotball #hagepynt #strikking #hekling #påskepynt #brunsnigelfelle
 

10 kommentarer

annebe

11.04.2017 kl.19:22

De kyllingene passa bedre som" forsidebilde"enn de sneglene ja ..helt klart ! Fotballjentene hadde jo også passa bra da :)) God påske til deg og dine :))

Oldemorbloggen

12.04.2017 kl.19:38

annebe: Du seier noko der, fotballjentene hadde absolutt gjort seg som "forsidebilde". Eg ønskjer god påske tilbake.

margarites

11.04.2017 kl.20:12

Den sneglefelle oppskriften så jeg også på FB, men jeg har ikke fått testet den enda. Men nå ser jeg jo at det virker. Er glad du ikke valgte sneglebildet øverst, for de er ganske ekle.

Flinke og flotte fotballjenter fortjener premie, og det gjorde mannen din også - siden du vant. Det er alltid mye kjekkere og ha noen å sykle sammen med ( mannen og jeg kjøpte el-sykler til begge to i fjor. Det gjør innhogg i lommeboken, men er utrolig behagelig i bruk) Riktig god påske til deg og alle trollene i Eventyrskogen :-)

Oldemorbloggen

12.04.2017 kl.19:37

margarites: Eg anbefaler sniglefella, no ser eg ikkje så mange av dei på steinhellene, som eg gjorde før. I morgon, viss veret blir bra, har me tenkt oss ein sykkeltur rundt øya, ca sju mil. Eg hugsa at du skreiv om el-syklane dykkar i fjor.. God påske til deg og. :-))

fruensvilje

11.04.2017 kl.21:08

hva i alle dager er spraymalt ? ja snigler er et problem,men heldigvis har vi ikke disse ekle som formerer seg verre enn pesten ) ellers må eg bare få si att jeg beundrer og er imponert over alt du tryller frem ,både hjemme i hagen og ute i skogen )) flott sykkel mannen din fikk med deg da )) kos dokke på fine sykkelturer

Oldemorbloggen

12.04.2017 kl.19:32

fruensvilje: Det kan du spørje om, eg visste heller ikkje kva det var. Det er eit smaksforsterkande middel når ein lagar øl. Tusen takk for fine ord. Viss det blir fint ver i morgon, blir det lang sykkeltur på oss, eg gler meg.

ann sissel

11.04.2017 kl.22:55

vert i godt humør av å lese bloggen din:-)

Oldemorbloggen

12.04.2017 kl.19:30

ann sissel: Tusen takk, slike tilbakemeldingar gjer meg glad.:-))

maiken

12.04.2017 kl.03:37

Helt sikkert vel anvendte penger med el-sykkel til maen, håper bare han liker det...

Du har mye å stå i med og mange å være opptatt av. Må være fantastisk å være oldemor og følge med på det de foretar seg.

Men den sneglesaken..., jeg fortsetter å plukke tror jeg...:)

Oldemorbloggen

12.04.2017 kl.19:28

maiken: Han er særs positivt overraska over kor kjekt det er å sykle på El-sykkel.
Det var faktisk ein fantastisk følelse å bli oldemor 62 år gamal, etter at den første forskrekkelsen hadde gitt seg.
Sniglane var ekle der dei låg, eg skal ikkje sjå dei i framtida, då går dei rett i bosset med heile mjølkekartongen. Det eg viste på bloggen var berre beviset for at fella virka.

Skriv en ny kommentar

hits