Kva leitar dei etter, damene på stranda? +Diy


Når eg  ikkje tar bilder, leitar eg og.
Her er min fangst. Kva i all verda, vil mange tenkje, det er jo berre stein, flate steinar. Det er ikkje berre berre....

Dette har eg brukt nokre av steinane til, laga meg ein liten by i hagen. Den skal bli mykje større etter kvart som steinane blir måla. På denne tida, når det ikkje blømer i hagen, må ein finne på noko anna og det er nettopp det som er gjort her. Ideen fekk eg frå Pinterest.

Nonnene står oppi fjellsida og ser ned på byen. Dei er min eigen ide...

Når målarkosten ikkje er i bruk, kjem heklenåla fram. Ei gul pute er nettopp ferdig og ei grøn er under arbeid.


Endeleg har eg fått Lotepusluve-mønsteret i hende. Hovudet mitt er mindre enn normalen, alle luvene blir for store. Eg har prøvt ei som var strikka i garnet som står i mønsteret, men luva enda på haka, så her må det brukast eit anna garn, tynnare. Viss nokon kan anbefale eit garn, som ikkje klør og som kan passe  til denne oppskrifta, blir eg særs takksam.

Turen til stranda starta grå og regntung. Her står to av steinsamlarane ved E-39 og har seg ein passiar.

Kjekt å kome over slike humoristiske innslag.

Me undra oss over kva plante dette kunne vera. Det var mange eksemplar av samme sort.

Best me gjekk, sigla danskebåten forbi.

Dette bildet har eg kalla "Dagdrøymande kvinne ved ei grind".

Det er ikkje rart det er mykje vatn i havet, slik som det fossar ned heile tida.

Til slutt, kvifor har eg åtte tiøringar på rad og rekke, som blir tatt i bruk kvar laurdag?
Svar: Eg legg dei på plata, under grautpanna, for at grauten ikkje skal brenne seg fast.

#strikking #hekling #natur #danskebåten #mynter #plante #lotepus #diy

15 kommentarer

fruensvilje

17.03.2017 kl.22:31

dette var litt morsamt,eg satt akkurat og sa til min mann att eg skulle hatt en liten samling små flate steiner ) så går eg inn på din blogg ,og det første jeg ser er en haug med flate steiner hi hi,jeg vil ha dem til grunnmur påminiatyrhuset mitt ) jammen har du malt en superfin miniby på steinane ,du er bare så kreativ ) flinke dere damer å komme dokke ut uansett vær.

Kan ikke hjelpe deg med den lua,jeg strikker ikke så mye av det slaget,håper du får til en som kan passe deg )

Oldemorbloggen

18.03.2017 kl.10:55

fruensvilje: Takk skal du ha. Eg må innom å sjå på huset ditt. :-))¨

ann sissel

17.03.2017 kl.23:03

du er fantastisk:-)

Oldemorbloggen

18.03.2017 kl.10:54

ann sissel: Takk og takk . :-))

margarites

17.03.2017 kl.23:12

Den steinbyen ble kjempefin. Skikkelig flotte hus og morsomme nonner. Du har i det hele tatt mange fine bilder her, og fjeset på treet var morsomt. Mange fine naturbilder og håndarbeidsbilder også. Lothepusluen har jeg ingen erfaring med, men jeg har sett flere som har den (damer) og den virker litt stor... Håper du finner et garn som egner seg :-)

Oldemorbloggen

18.03.2017 kl.10:59

margarites: Takk for fin tilbakemelding. Grunnen til at eg vil strikke Lotepusluva, er at den er litt større bak kanten foran. Det trur eg kan vera kledeleg for meg som ikkje kler luver i det heile tatt.

maiken

18.03.2017 kl.03:21

Mye morsomt! Du lager gull av gråstein, det er nå ikke noe nytt....:)

Lettere å komme seg ut i gråvær når man har et mål....

Håper du viser oss ferdig-lothepus-lue. Jeg kunne tenkt meg å strikke en slik selv, for fin er den.

Men jeg er heller ikke tjukk-i-hue, så tar imot garn råd mm med glede.

Oldemorbloggen

18.03.2017 kl.10:53

maiken: Der sa du det, mykje kjekkare å gå tur når ein har eit mål. Eg skal kome tilbake med informasjon om luva når eg har bestemt meg.

Berit

18.03.2017 kl.07:33

Flotte Steinar og ein flott blogg! Viss du tek vekk 8 eller 16 masker på lothepus lua blir den passelig 😉

Oldemorbloggen

18.03.2017 kl.10:51

BeritTakk skal du ha, men då stemmer vel ikkje mønsteret. Skal i alle fall sjå på det.

Marit

18.03.2017 kl.09:45

Du har iallefall ikke fritidsporoblemer! :o))

Oldemorbloggen

18.03.2017 kl.10:50

Marit: Nei, det veit eg ikkje kva er.

morsmiddag

24.03.2017 kl.09:47

Du er litt "steingal". Putene var veldig fine, utrolig gøy med forskjellige farger.

Oldemorbloggen

24.03.2017 kl.09:56

morsmiddag: Takk skal du ha. Ja, eg er steingal og galnare og galnare blir eg.

morsmiddag

24.03.2017 kl.09:58

He he ja og det gleder mitt hjerte, for da blir man friere og friere, det er slik alle burde vært.

Skriv en ny kommentar

hits