Pinnane går som trommestikker under Tv-kvelden

Det er om å gjera å ha enkle strikk i nevane når tv-kvelden susar over skjermen med ymse innslag. F.ekspl det me kalla grandprix før i gamle dagar. Like kjedeleg då som no, sjølvsagt med enkelte få unnatak.
Her har eg laga to øyrevarmarar og eit sjal. Sjalet er det sjette i sitt slag.

Knapp og to rader knapphol bak, syns eg var lurt. Ofte kan ein ha trong for å strame det litt.

Dagen i går var ikkje av dei finaste. Innimellom yra og regna det, men det var ikkje til hinder for at me tok middagen med oss til Innigranskogenkafeen. Ved, middag og ymse anna, blei frakta i kvar vår ryggsekk.
Det stod indisk kyllingsuppe på menyen.


Drykken var sider

og som alltid, ein liten "kvessar" før måltidet.

Det eg hadde halde for meg sjøl og smugla med i sekken, var kvar vårt beger med riskrem, laga på laurdagens grautrestar. Han gjorde store auge ma'en, då denne overraskinga kom for dagen. Riskrem er noko av det beste han veit.


Snipp snapp snute, så var sundagen ein sagablott og mandagen eit faktum. Kva den skal brukast til, er framleis uvisst. Middagen må bli klippfisk med gulerøter, steikt flesk og poteter, ete innandørs, heilt utan sider og "kvessar".
Ute er det meir grått enn i går, og eg ønskjer alle ein fin mandag.


 

6 kommentarer

Marit

13.03.2017 kl.12:23

Du har så koselige innlegg. :o) Fine bilder fra søndagsturen. Skal si du er produktiv på tv-kveldene! Jeg hadde det litt sånn jeg også, før jul. Men så ble det en brå og laaaang stopp! God mandag til deg og ma'en.

Oldemorbloggen

13.03.2017 kl.21:12

Marit: Tusen takk skal du ha, det er kjekt at du syns. Grunnen til at eg strikkar under tv-kvelden, er at eg har lett for å kjede meg og kan ikkje sitje utan noko mellom hendene.

Vera Lynn

13.03.2017 kl.16:16

Det er veldig greit å ha noe å drive med, når kjedelige TV program suser over skjermen. Jeg må si at du er produktiv. Ørevarmerne var virkelig lekre 😊

Oldemorbloggen

13.03.2017 kl.21:09

Vera Lynn: Takk skal du ha. Eg hadde ikkje overlevd tv-kvelden utan eit handarbeid. Det blir ofte til at tv-en står på kvelden ut og då må ein ha noko anna å konsentrere seg om.

fruensvilje

13.03.2017 kl.17:50

for en koselig søndag,og dere fikk garantert den aller beste middagen ,riskrem ja,det tror eg jammen eg skal vispe ihop no til kvelskos )

Oldemorbloggen

13.03.2017 kl.21:06

fruensvilje: Så kjekt at eg kunne inspirere deg til å lage riskrem. :-))

Skriv en ny kommentar

hits