Stopp sokkane!

Som medlem av Norske strikkeblogger, ser eg mykje fint i strikkerier. Idag såg eg nokre særs fine og fargerike strikkesokkar, som bloggeren Nintendo Lizzy har strikka. Ho hadde  strikka et par med same mønsteret før, men som det var komt hol i, etter mykje bruk. Etter det eg forstod, likte ho ikkje å stoppa sokkar, sjøl om ho har stoppesopp eller stoppekule.

Ein slik ein


Eg likar vanlegvis heller ikkje tanken på å stoppa sokkar. Men så fekk eg desse fine sokkane som syster mi har strikka.



Etter at eg hadde brukt dei ei tid, blei det hol under, som de ser er dei like fine på framsida.

Eg tok meg sjøl i nakken, henta stoppekula og gjekk igang med stoppinga. Faktisk så var det ganske kjekt då eg først var igong.  For ikkje å snakka om kor nøgd eg var av meg sjøl etter at det var gjort.

No har eg brukt dei i lang tid og dei er like gode.


Så no, Nintendo Lizzy, gå igong med  å stopp!, så har du to par fine sokkar.

2 kommentarer

Nintendo Lizzy

14.09.2012 kl.21:31

Haha, ja nå må jeg vel nesten det siden du blogger om det :P Jeg er faktisk igang med det tredje paret så om jeg får kommet igang med stoppingen etterpå så får jeg tre par! Soppen min er egentlig ganske fin også, arvet den fra min mor i sommer, som igjen arvet den fra sin tante før hun døde, så soppen er ganske gammel.

http://i59.photobucket.com/albums/g295/LARvonCL/IMAG2888.jpg

Nydelige håndgraveringer på den også http://i59.photobucket.com/albums/g295/LARvonCL/IMAG2886.jpg

Oldemorbloggen

14.09.2012 kl.23:39

Nintendo Lizzy: Når du har stoppa sokken, får du ha utstilling av kunststoppen (for det blir det vel) på bloggen din.

Skriv en ny kommentar

hits