Les og le

Denne stilen fann ma'en min i nokre skulesaker som er minst 60 år gamle. Eg veit ikje kven som har skrive den, men sikkert er det at den er frå bergenkanten, det ser eg på skrivemåten. Eg har lese den mange ganger, med gjevne mellomrom, og ler like mykje kvar gong.

Stil om kjyren

Kjyren er et stort pattedyr, som bor i fjøset. Kyren er og et snilt dyr med en fot i kvert hjørne. De to fremste føtterne heter fremføtter og di to bakerste heter bakføtter, di bruker han til å stå på når han ikkje ligger.

Kyren har også 6 sider. Disse er høyre og venstre oppe og under, framme og bak. Helt bak på kyren henger halen, den ser ut som ein staur som våkser nedover isteden for oppover, og helt nede ender den i en lang dusk med lange hår på, den bruker han te å slå vekk flauen med om sommeren så di ikje skal dette opp i melken. Så har vi den andre enden som ligger i motsatt retning av den første enden. Her sitter et stort trekantet hovve ytterst på halsen som er bevegelig og det kan svinge i alle retninger. Det er for å få plass te hornene og ørene og kjeften og det.

 Å for at han ikkje ska fryse om vinteren, e hele kjyren overtrukket med et okseskinn som er altfor stort under halsen. Kyren står veldig tidlig opp om morningen, å det er vist fordet at han bruker så veldig tid te å ete opp høyet og papiret å det. Kjyren sveller maten to ganger for at kan ska få han langt ner i magen og han tygger den opp igjen og opp igjen og så går det tvers gjennom han og når det kommer ut igjen kaller de det med et fint ord for markulatter.

Når kjyren får salt, sleiker den seg rundt munnen, og stikker tungen langt inn i nesen, då ler kjyren. Helt bak og under og fremfor og imellom bakføtterne på kjyren der henger en beholder med 4 hondtak og di heter spener, og ligner mest på urøkte pølser og di er veldig runde å myke å ta i.  Å melken er  blå eller kvit vist de ikje har hatt vatten eller skjit i han. Etter at melken er knippen ut av kjyren blir han silt i kvite bleier og sendt inn te byen og di som har mange onger kan få kjøpe han på meieriet.

Mannen  te kjyren heter oksen den ligner kjyren for det meste, bare det at han har mykje større horn og så har han ikje melk under.

 Kjyren er varmblodig og føder levende onger, barnet til kjyren heter kalven. Han er pikkane liten med det same han er føtt, men beina er så lange at han rekker ikje ner på marken derfor må di gje han mat av en bøtte. Når kalven er helt voksen, kalles han for kvige, det betyr vist en kalv som kvir seg te å bli kjyr. Korhende kalven kommer fra det veit eg ikkje, for det har vi ikje hat om ennå.

 Når di slakter kalven får di kalverogn av leveren. Når kjyren blir gammel blir han tom for melk og så vokser klauvene på beina framover på golvet så når han ska løpe stomper han i sine egne fotspor, det er ikje greit å være kyr. Når de slakter kjyren sjer det helst om natten og så får vi bisamler av skinnet og di som er godt kjent hos slakteren kan få kjøtt av kjyren te oksesteik om søndagen.



 

Damer med strykejern, før og no

Det kom så for meg idag, no måtte eg styka bunadskjortene, mi og ma'en si. Eg er ikkje komt så langt i oppdraginga av ma'en at eg har fått han til å forstå at han burde stryka bunadskjorta si sjøl. For å vera ærleg trur eg neppe at eg når det målet nokonsinne. For nokre år sidan ymta han frampå at det hadde vore kjekt med ein bunad. Som den oppofrande kåno eg er, sydde eg ein bunad til han. Dette angrar eg sjølvsagt på kvar gong den skal strykast, men etter at dette er gjort syns eg det er stas at han kan ha på seg bunad på 17. mai.

Her har eg rigga meg til med det som skal til for å stryka bunadskjortene.



To strykebrett, eit lite og eit endå mindre, det er tingen. Mykje lettare å stryka på desse to små, enn på eit vanleg stort strykebord.

Der eg stod og strauk, kom eg i tankar om korleis dei hadde det i gamle dagar når kvite bunadskjorter skulle strykast. Då brukte dei eit slikt monster som dette, ikkje så ulikt i fasongen som mitt ultramoderne dampstrykejern.



Men, det var ikkje berre å stryk iveg. No fortida er det berre til å fylle vatn i behaldaren på strykejernet, sette kontakta i veggen og vips, så er det klart til å starte strykinga. For å bruke dette jernet, måtte ein først hente kol eller koks og fyre det opp til det blei passeleg varmt. Kolet eller koksen stappa dei inn i dette holet.

Korleis dei fekk dette til, går over mitt vet og langt inn i prestens. (Dette er eit uttrykk me brukte mykje før, når det var noko me ikkje forstod). Den vanlege oppfatninga blant folk flest, var at presten var den klokaste..



Tilbake til notida, då me ikkje alltid trur at presten er den klokaste me veit om

Som regel er det alltid ei eller anna veninne, som som like etter 1. mai seier, at no heng bunadskjortene nystrøkne og berre ventar på at det skal bli 17. mai. Då plar det gå eit støkk inni meg når eg tenkjer på at mine skjorter framles ligg i ei røys inni eit skåp. Det er då det byrjar og gneg, no må eg til å stryka, kanskje ikkje idag, men imorgon......  Og slik går dagane og plutseleg er det 15. mai, slik som idag. Eg starta strykinga med ljost sinn, sola skein og livet var ikkje så gale, syns eg.

Så såg eg at det var hol på baksida av halslinninga på ma'en si skjorte. Uff, tenkte eg, det er dette skjegget som slit på kragen. Kva nytte har eigentleg skjegg for mannfolk no til dags? Ingen nytte trur eg. Like unyttig som blindtarmen, den har dei hevda i mange år at me ikkje har bruk for. Dette måtte syast. Eg gjekk inn i "tølene mine" og fann fram lintråd og nål og dette bandet som eg har arva etter mor mi. Eg ville sy ei forsterking på halslinninga.



Legg merke til prisen kr 1,20 for ein rull linband. Det var kjøpt hos Leirvik Manufaktur og det er lenge sidan.
Eg festa bandet med mine finaste faldesting. Eg hugsar godt handarbeidstimane på skulen då me måtte sy metervis med slike sting . Særs kjedeleg, syns eg då. Men no kjem det til nytte. Eg hugsar og at all kreativitet frå oss elevane blei slått ned på. Slikt tull skulle dei ikkje ha i timane.

No heng bunadsskjortene så fine og nystrøkne og berre ventar på ein syttande mai med sol og varme. Dei i vermeldinga har sagt noko heilt anna, men dei skal me ikkje tru på i år.



For ei lukka å sjå dei slik. "Kom mai, du skjønne milde, tra la la la la la la

Regnverstur langs tre og gamle stovegardiner

No skal de få ei innføring i ma'en sitt rike. Her er han omtrent annankvar veke heile sommaren. Stundom er eg med. No har eg nettopp vore der. Her er hytta, som egentleg er eit lite, gamalt vestlandshus.



Det var eit trøysteslaust ver den dagen bilete ble tatt." Når sola i bakkane blenkjer" er det triveleg å vera der.
Inni hytta er det alt som skal høyre til i ei slik hytte, f.ekspl negerdamer

og hjort i solnedgong, som ma'en sjøl har laga då han som ung gjekk på yrkesskule



og denne perlesaken, som  var ei dåpsgåve til far til ma'en. Årstalet er 1912, altså er den 100 år.

Litt "moderande" kunst, laga av meg sjøl.




I skogen ovanfor hytta har han laga eit grindehus, med benkar og bord både utomhus og innomhus. Her kan kvensomhelst som fèr framom sitje nedpå og nyte nista si eller berre ta ei kvild.



Inni grindehuset er det tussar og troll over alt.





Det som heng til høgre i bilete, er ein heimelaga hoggorm.

 Utanfor grindehuset heng ein kaffekjel, som kan brukast av kaffityrste.



Under denne steinen har det budd ein hoggorm, og kanhende den bur der enno.

 Iallefall blei denne hoggormen observert i veka som var.



No fortida er ma'en si store interesse å lage ein tursti gjennom skogen, slik at folk flest kan finna vegen til ymse flotte naturopplevingar. For å merkja løypa, har han klypt opp mine gamle stovegardiner og snurra dei rundt om i tre og buskar.

Her kan ein ikkje gå seg vill, berre til å følgja stovegardinene mine.

Midt i løypa held han på å byggja ein gapahuk. Planen er at folk kan setje seg ned der og nyte utsikta.

Vinsjing må til for tunge løft og her er den montert 



Her har hjorten sine kvileplassar, difor dette skiltet rett ovanfor gapahuken



Viss ein under turen skulle kjenna trongen til litt raudvin, (den må ein sjølvsagt ha med seg sjøl)  kan ein gå i ca 10 minutt og då kjem ein til Raudvinstoppen

og her har han laga ein benk for trøytte raudvinsdrikkarar



Ein kan gå både langt og lenge, men eg snudde her. Det var ikkje vanskjeleg å finna vegen tilbake, eg følgde berre dei gamle stovegardinene mine.

Ma'en fann eg igjen i dette gamle uthuset, som ligg i nærleiken av turstien.

Nydeleg bakst

Eg har før skrive om mine nye vener frå Sudan. Gåvmilde og særs kjekke folk. Idag kom vesle Ahmad på snart sju år, opp i døra til meg med denne gode gjærbaksten. Her viser to av dei. Eg fekk tre stk, men det eine åt eg opp før eg visste ordet av det. Dei var vanvittig gode.



Og så luftige og lette. Eg forstår ikkje korleis ho, Maha, får det til. Eg er god i gjærbakst sjøl, men min bakst kan ikkje måla seg med dette.

Nesten som eit popidol


Idag under den vanlege tysdagstrimmen i skogen, møtte me heile Leirvik skule som skulle på tur til Eventyrvegen. Plutseleg kom oldebad'ne mitt på ti, stomande ut av flokken og kasta seg rundt halsen på meg. Det var stor stas. Fleire av klassekameratane hennar ville og ha klem, så eg stod der som ei dronning og fekk klem i hytt og ver." Det er ho som har laga eventyrfigurane i Eventyrvegen", gjekk som eld i tørt gras bakover i rekkene. Så du og du, snakka om å bli tiljubla."

Eg hadde på førehand fortalt Helle (oldebad'ne) om at det skulle koma eit nytt eventyr, det om pannekaka. Dette hadde ho fortalt vidare, så no har dei noko å sjå etter neste gong dei er på tur.

Eg er så smått starta med å laga figurane. Her er ei trinn for trinn.




Dette er mora og under kjem eine ungen, faren har eg laga før. Det er han som gjennomgjekk ein kjønnskifteoperasjon her på bloggen tidlegare.

Dette skal bli ei jente, som skal springa etter pannekaka.

Vikingvinhøne




Sundag fekk eg eit oppdrag om å lage ei vikingvinhøne og då fekk eg litt problem med å hugse korleis vikingane var kledd. Men i vår "guggleverd" var ikkje dette noko problem. Eg slo opp på vikingkler og fann denne.
                                                                          og sydde denne viking vinhøna.

Ho har ekte skinnleggisar med reimar, slik det høver seg for ei vikingdame.

.


Sundagssukk

 

Det er morgen

livet er berre sorgen

Klokka er sju

Vona om sommar må snu

snø, det er 'kje til å tru

Eg er gram i hu

her vil eg ikkje bu

Varme sola vil eg kjenne og sjå 

Vil me aldri varme få

Må vinterdekka på

Må eg på loftet gå

å henta dunkåpa

eller kan eg håpa

på litt varme i lufta

eller vil håpet fordufta

No vil eg ha vinter vekk

høyra froskekvekk

og ha sol i søre veggen

ja, sjøl kleggen

kunne eg akseptera

berre eg i varmen kunne vera

Tenkjer på kvitveis som frys

og folk som hostar og nys

Her er ikkje mykje gøy

på denne vår sommarøy

Som ei kvit brud

står ho no i vinterskrud

Til vanleg er eg lett i sinn

men no veit eg korkje ut eller inn

Sukk.......


Hadde eg ikkje hatt flyskrekk

skulle eg reist langt vekk

til Australia, til bror min

Å, den tanken er fin!  

Jammen sa eg smør og meinte matfett

Jammen sa eg smør og meinte matfett, sa me før i tida viss me syns noko var heilt på tryne og ikkje blei som me hadde tenkt. Slik er det er det idag. Tenk at det snøar 5. mai!  Nedtur. For fire dagar sidan sovna eg i sola  og blei solbrent. No sit eg inne og hufsar, og har tatt på meg ull-sokkane mine igjen.

 Her ein dagen lakka eg tånegla mine og tenkte at no skulle dei få vifta luftig heilt til oktober. No seier eg det ein gong til, jammen sa eg smør og meinte matfett.

.Her er eit situasjonsbilete no kl 0910, laurdags morgon.

Nederst i bilete ser ein tydeleg snøfloksene.

Eg hadde planlagt at idag skulle bålpanna få seg eit strøk med lakk, etter å ha stått ute i heile vinter. Jammen sa eg smør og meinte matfett. Det går jo ikkje å lakka i snøver.

Kanhende det hjelper på å syngja " Å, mai du skjønne milde". Trur nesten ikkje det.

God dag, namnet mitt er.........

No skal eg over på eit heilt anna tema. Dette er ein situasjon som sikkert alle har opplevd. Ein er ein stad der det er mange folk som ein ikkje er blitt presentert for før. Og i mange tilfelle folk ein ser berre denne eine gongen. Ein tar kvarandre i handa og seie namnet sitt. Den andre seier ofte då "det gler meg". Kor sant det er at det gler ein, er ein annan sak. Eg får seia som mor til ei veninne sa: Ein må jo vera danna, for f....

Som sagt, seier ein navnet sitt og det gler meg osv. Ein gong prøvte eg meg på ein ny vri og sa istadenfor navnet mitt "Bestemor døde inatt" . Det var faktisk to-tre personar som sa "det gler meg". Dette viser at ein ikkje høyrer etter og slettes ikkje hugsar det den andre presenterer seg for. Berre prøv sjøl. Det er jo ikkje i alle situasjonar dette passar, men i litt lystigare lag kan ein prøve seg.

To stk lure greier



Den eine lure saken er kjøpt

Den andre er sjølvkomponert og sjøvlaga

Viser den kjøpte først:


Med denne lure saken her kan ein få tynne striper av gulrota. Fleire striper på ein gong Genialt!

Så over til den andre lure saken, som eg har komponert sjøl. Eg er med i ein strikkeklubb og imorgon fyller det eine medlemmet 70 år. Me har den regelen at me gjev pengar og denne gongen var det min tur å ordne og levera presangen. Som nevnt før på bloggen, syns eg det er litt kjedeleg å gje ein konvolutt med pengar, difor sette eg meg til symaskinen  og sydde iveg.

Dette blei resultatet

 

Ei lang remse med 9 lommer, i kvar lomme ligg det 100 kroner og forslag kva dama skal bruke dei til:




                                                                                                                                                  

Action på kjøkenet

Dette handlar om:

Action på kjøkenet

Kan eg forlanga at ma'en  tar omsyn?

Og om den eine gongen eg rusa meg på noko anna enn alkohol

Eg bestemte meg kvelden før, kjøkenet skulle vaskast frå golv til tak. Neste morgon var eg like bestemt, no skulle det gjerast, det var særs tiltrengt. Først måtte er ha meg frokost



Det tok si tid, for ma'en er på hytta og eg måtte laga frokosten sjøl

Så måtte eg innom Facebook og bloggen for å sjå om det var noko utvikling der, og det tok si tid

Så kom eg på at eg måtte fotografera dei seks vinhønene som eg skulle senda frå meg og det tok si tid


Her er den kvite sett bakanifrå




No var tida innne, det skulle vaskast, men først måtte eg fjerna alt krimskramset som eg hadde liggjande og ståande på benkar og veggar. Det var ikkje lite, inn på dobbelsenga med det. Det tok si tid.

og så måtte gardinene ned, dei skal aldri koma opp igjen. Eg skal gå strake vegen til Kid for å kjøpa nye. Vurderte ein augneblink på om eg skulle gjera det før vaskinga tok til, men besinna meg heldigvis. Trur neppe det hadde blitt vasking etter ein handletur. Då hadde sikkert "ånden meg forlatt".

Stygge gardiner som var veldig fine for mange år sidan, no vil eg ha noko lyst, det er inn i tida.
No stod det berre igjen å fjerna taklampen. Det var vrient, eg har ikkje akkurat svart belte i fjerning av taklampar. Sist eg prøvte meg på den jobben rauk den til pises og måtte erstattast med ein ny, så det prosjektet gav eg opp. Eg fekk heller vaska rundt den.

Så endeleg kom vatnet i bøtta og Ajax. På bruksanvisninga stod det: "En kork for normalt smudsade, fire korker for ekstra smudsade", eg tok to korkar. (litt løye at det står på svensk og dansk, men ikkje på norsk.) No var Nillestanga klar for action.

Eg tenkte med meg at ringjer det nokon no og foreslår kafebesøk eller handletur, skal eg stå imot. Snart dansar Nillestanga over taket med lystige steg. Her går går det unna. Ajaxlukta sprer seg i heimen, det luktar betre enn røykelse og myrra, kva no det er. Klokka er no blitt 1130 og no skal veggene til pers.
 
Eg var så lukkeleg over at vaskinga var igang, dette var betre enn ein rus. Då snakkar eg ikkje om alkoholrus.

Rus 

No skal eg fortelja om den gongen eg rusa meg. Eg hadde influensa, med over 39 i feber, stygg hoste og i tillegg hadde eg brekt arm. Veldig dårleg, med andre ord. Hostesaft hadde eg fått på resept og skulle ta ein viss dose. Då var det at eg med mitt sløva blikk ikkje såg eit komma som stod der i dosen, slik at eg fekk i meg ti gonger så mykje hostesaft som eg skulle. Då eg blei klar over kva eg hadde svelgt, ringte eg til giftsentralen (det stod i bruksanvisninga at det skulle eg gjera viss eg fekk for mykje i meg.) Det blei ein del diskusjon mellom dei sakkundige, som til slutt kom til den konklusjonen at sidan eg til vanleg var eit friskt menneskje, ville eg stå det over.

Aldri har eg hatt det så godt. Eg låg i ein salig rus framføre tv og hadde inga sut for noko.


Her er rusmiddelet.

Dette må eg kunne venta at ma'en gjer

Ja, ja, no skin kjøkenet omkapp med sola, reint og fint, ikkje eit einaste fingermerke på korkje skåp eller skuffer. Om nokon skulle kome på den ideen å sleikje bakom komfyren, ville dei ikkje fått noko på tunga. Slik vil eg alltid ha det, så difor har eg bestemt at ma'en må ta på seg slike hanskar kvar gong han skal opne ei skuff eller eit skåp. Det er vel ikkje formykje forlangt etter alt det strevet eg har hatt med vaskinga? Her ligg dei klar, det er fort gjort å ta dei på seg. Han veit det ikkje sjøl, enno......

Etter at vaskinga var ferdig, eg brukte faktisk to dagar, då unte eg meg dette ute i sola. (Musserande, kjøpt på på polet.)

og det både smaka godt og gjorde godt.

Ps. Kjøkenet treng å målast, det er slete på nokre av skuffene. Å måla syns eg er kjedeleg og tidkrevjande, så eg trur eg kallar kjøkenet mitt for chabby chick, det er jo inn i tida. Viser her dei chabby chick skuffene mine.





Sant og usant ei morgonstund

Morgonstev

Morgonsola skin

Klokka er sju

Eg drikk eit glas vin

og no trur du

at eg sit her og hikkar

og er alkoholik(k)ar

Igår eg vann

ein stor sum i lotto

Trur du denne soga er sann

og at far min heitte Otto?

Nesten alt er løgn og fanteri

ja, rein fantasi

Berre første linja er sann, at sola skin

ja, og så er det sant at Otto var far min





Les mer i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Mars 2012
hits